
Hardanger BTK – med Gustav Korshavn Vikesdal og Felix van der Leest på laget – sikra seg ein flott sjuandeplass i gutar 11 lag under Stiga 11-ern i Trondheim i dag! Laget vann først 3-0 over Trondheim 8 i åttandedelsfinalen. I kvarten vart det tap med same siffer mot Fokus 1. I plasseringsspelet vart det 3-1-tap i ein jamnspelt kamp mot Laksevåg. Her vann Felix ein kamp, og gutane tapte med knappast mogleg margin (3-2 i sett og 12-10 i avgjerande sett) i dobbelen.
Me gratulerer gutane og lagleiar Jan Roger Andersson med god innsats og eit flott resultat!
I morgon spelar gutane gutar 11 dobbel i Stiga 11-ern og gutar 13 singel i NM for yngre. Sundag spelar dei gutar 11 singel i Stiga 11-ern. Me ynskjer dei lukke til også i desse klassane!