Sterke plasseringar i Stiga 11-ern!

Frå venstre: Gustav Korshavn Vikesdal, lagleiar Jan Roger Andersson og Felix van der Leest


Hardanger BTK sine to deltakarar sikra seg sterke plasseringar under Stiga 11-ern i Trondheim Spektrum i helga! Gustav Korshavn Vikesdal og Felix van der Leest kom seg vidare og sikra seg gode plasseringar i samtlege tre klassar!

Turneringa starta med lagklassar fredag. Hardanger BTK – med Gustav og Felix på laget – sikra seg ein flott sjuandeplass i gutar 11 lag. Laget vann først 3-0 over eit Trondheimslag i åttandedelsfinalen. I kvarten vart det tap med same siffer mot Fokus 1. I plasseringsspelet vart det 3-1-tap i ein jamnspelt kamp mot Laksevåg. Her vann Felix ein kamp, og gutane tapte med knappast mogleg margin (3-2 i sett og 12-10 i avgjerande sett) i dobbelen.

Laurdag spela gutane først gutar 13 singel – ein klasse i Noregsmeisterskapen for yngre som vart arrangert samstundes. Her rauk begge gutane ut i puljespelet. Felix var nærast avansement. Han vann ein av tre kampar og tok sett i ein av dei andre.

Seinare på dagen var det klart for ein ny klasse i Stiga 11-ern. I gutar 11 dobbel hadde Felix og Gustav først w-o i første runde, før dei vann ein svært jamn åttandedelsfinale. Etter å ha lege under 2-0 i sett kom dei sterkt tilbake og vann 3-2 og med 11-9 i avgjerande sett! Også i kvarten yppa dei seg og tok eitt sett mot tøff motstand. Dermed enda gutane på ein flott femteplass blant dei tjue para!

Sundag var det klart for gutar 11 singel. Her kom begge gutane seg vidare frå puljespelet som nummer to med to sigrar og eitt tap. Felix var også nær å bli nummer ein i pulja, men tapte svært knepent mot ein spelar som seinare kom til kvarten. Gustav tapte første runde i sluttspelet, medan Felix vann 3-2. I åttandedelsfinalen måtte også Felix sjå seg slått 3-0, men i dei to siste setta tapte han 11-9 og 13-11. Dermed enda han på ein sterk niandeplass, medan Gustav fekk ein flott syttandeplass!

Gutane viste veldig bra spel og innsats i si første nasjonale turnering! Ein femteplass, ein sjuandeplass, ein niandeplass og ein syttandeplass i Stiga 11-ern er veldig bra! At me har to gutar blant dei 22 spelarane i sluttspelet i singelklassen er me veldig godt nøgde med! Vidare har gutane vunne fleire jamne femsettarar!

Denne helgas Stiga 11-ern og NM for yngre var koronautsett frå i vår. Allereie til våren er det nye sjansar i denne sesongens Stiga 11-ern og NM for yngre i Bergen. Då håpar me også på å ha med fleire spelarar frå klubben vår. Felix får nye sjansar i Stiga 11-ern då, medan Gustav må spela NM for yngre.

Me gratulerer gutane og lagleiar Jan Roger Andersson med god innsats og flotte resultat!

Neste helg er det klart for senior-NM i Bergen. Der stiller HBTK med seks deltakarar.

Dette innlegget vart lagt inn i Ymse. Bokmerk fastlenkja.