Tidenes medaljefangst for HBTK i senior-NM!

Roger Andersson deltok i fire klassar og sikra seg fire NM-medaljar i helga!

Hardanger BTK sikra seg heile åtte NM-medaljar – ni inkludert lagleiarmedalje – under senior-NM i Haukelandshallen i Bergen i helga! Aldri før har me teke så mange medaljar i eit NM!

I herrar lag var Hardanger BTK semiseeda for første gong. Me hadde W-O i første runde. I kvarten vart det 3-1-siger mot Fokus 2. I semien vart det 3-0-tap mot Fornebu BTK, som seinare vann klassen. Dermed vart det bronsemedaljar til Roger Andersson, Jan Roger Andersson, Thomas Låte, Erik Doval og lagleiar Jack Feng!

I mix dobbel spela Roger Andersson med Sarah Horgen frå Notodden BTK. Dei slo ut eit finaleseeda par i semien, før dei tapte ein jamnspelt finale. Dermed vart det ein sterk sølvplass på paret! I herrar dobbel var Roger og Erik useeda. Likevel tok dei seg heilt til semien etter sigrar mot to sterke par. I semien vart det 3-1-tap, men paret kan uansett vera veldig godt nøgde med bronsemedaljar! Thomas og Jan Roger møtte paret som seinare tok sølv i klassen i første runde. Dei gav motstandarane god motstand, men måtte sjå seg slått.

I herrar singel sikra Roger seg sin fjerde medalje for helga! Han kom seg greitt til kvarten. Der vart det ein svært jamnspelt kamp mot Lars Rønneberg frå Fornebu BTK. Ein spelar best av sju sett i denne klassen, og Roger vann til slutt 4-3 og med 11-8 i sjuande og siste sett! I semien vart det eit klart tap mot noregsmeister Borgar Haug, men Roger kan uansett vera veldig godt nøgd med ein ny medalje i klassen! Thomas vann første runde, men tapte i 1/16-delsfinalen. Jan Roger og Jack rauk begge ut i første runde.

I herrar B dobbel var Jack Feng og Håvard Markhus finaleseeda, men rauk ut i første kamp mot paret som seinare tok sølvmedaljane. Håvard rauk også ut i puljespelet i herrar B singel.

Helgas NM var koronautsett frå i vår. Det betyr at det vert eit nytt Senior-NM allereie neste vår.

Hardanger BTK er veldig godt nøgde med medaljefangsten i helga, og gratulerer troppen vår med flotte resultat! Neste helg er det NM for eldre junior og junior på Lørenskog.

Eit videointervju med Jack Feng og Roger Andersson fylgjer under.

Pallen under premieutdelinga for herrar lag.
Jack fekk – som under sist Senior-NM – prøva seg som kommentator for Direktesport sine sendingar frå NM.
Jack coachar Roger under semien i herrar singel.
Frå semifinalane i herrar singel.
Dette innlegget vart lagt inn i Ymse. Bokmerk fastlenkja.