Nye NM-medaljar til HBTK!

Klubbnestleiar Jack Feng sikra seg to nye NM-medaljar i helga!

Hardanger BTK sikra seg nye NM-medaljar under helgas NM for junior og eldre junior i Lørenskog! Best gjekk det med Jack Feng, som sikra seg to medaljar!

I herrar eldre junior lag var Hardanger BTK finaleseeda. Laget hadde W-O i første runde. I kvarten vart det 3-0-siger mot Fornebu 3, før det vart 3-1-tap mot B-72 i semien. Dermed vart det bronsemedaljar på Thomas Låte, Jan Roger Andersson, Jack Feng og lagleiar Roger Andersson. Heller ikkje i år vart det altså finaleplass i klassen. Klubben vår har no teke bronse i denne klassen fire år på rad! Det er uansett veldig bra at me stadfestar plassen vår blant dei fire beste klubbane i landet i herrar eldre junior! Og framleis har me eitt år igjen med dei same spelarane på laget, før Jack vert for gammal til klassen.

I eldre junior mix dobbel stilte berre Jack frå vår klubb. Han spela med Ida Høimyr frå Notodden BTK. I fjor tok dei ein sensasjonell bronse i same klasse i senior-NM. Difor var det nok visse forventningar denne gongen også, men no vart det tap i første runde mot eit sterkt par.

At Jack framleis er ein sterk dobbelspelar viste han derimot i herrar eldre junior dobbel. Jack, som er rangert nummer 28 blant herrar eldre junior, spela saman med nummer 31 Brian Egenberg frå Heros. I beste fall var dei outsidarar i klassen, men etter sterk innsats sikra dei seg ein overraskande bronseplass! Det skjedde etter ein grei siger i første runde og deretter siger med 3-2 i svært jamne kampar både i åttandedelsfinalen og kvartfinalen! Fullt så godt gjekk det ikkje med Thomas og Jan Roger. Dei var blant favorittane, men rauk i første kamp mot eit sterkt par som seinare kom til semien.

I herrar eldre junior var Thomas direktekvalifsert til sluttspelet. Der vann han greitt i første kamp, før han møtte verst mogleg motstand i andre runde. Stjerneskotet Khai Noah Lam, som seinare kom til finalen, vart for sterk og vann 3-2. Jan Roger og Jack vann alle kampane sine i puljespelet. Jack hadde W-O først og rauk med 3-1 i andre runde i sluttspelet, medan Jan Roger kom ein runde lenger før han rauk ut med same siffer. Dermed vart det niandeplass på Thomas og Jan Roger, medan Jack vart nummere sytten.

Helgas NM var koronautsett frå i vår. Det betyr at det vert eit nytt NM for eldre junior og junior allereie neste vår.

Me gratulerer troppen med nye NM-medaljar! Neste turnering er Stord cup 2. oktober.

Dette innlegget vart lagt inn i Ymse. Bokmerk fastlenkja.