Bordtennis for alle!

Hardanger BTK er i gang med ein ny sesong. Me har eit godt tilbod til alle – uansett nivå, alder, kjønn, nasjonalitet og funksjonsevne.

Me presenterer oss sjølve i videoen «Bordtennis for alle!», som du ser under. Videoen vart vist på Nettavisen Direktesport og sytti norske nettaviser fleire gonger under Senior-NM våren 2020!

Sjå meir info under «Treningstider» og «Medlemsinfo» i menyen øvst på sida.

Hardanger BTK har plass til fleire! Er du ikkje med i klubben vår? Kom innom og prøv om ikkje bordtennis kan vera noko for deg! Vel møtt!

NB. Del gjerne denne videoen med andre – til dømes på Facebook.

Videoen ser du her.

Dette innlegget vart lagt inn i Ymse. Bokmerk fastlenkja.