Flotte plasseringar i Stord Cup!

Thomas Låte gjekk til topps i to klassar i Stord Cup!

Hardanger BTK sine deltakarar sikra seg fleire flotte plasseringar under Stord Cup, som vart arrangert i Gamlehallen i Stord Idrettspark laurdag. Best gjekk det med Thomas Låte. Stemnets klart høgaste rangerte spelar gjekk til topps i to klassar; saman med Atle Irgens frå arrangørklubben Stord BTK i herrar dobbel og åleine i herrar elite. Felix van der Leest sikra seg ein fin tredjeplass i gutar 13, medan Gustav Korshavn Vikesdal vart nummer fem i same klasse. Håvard Markhus vart nummer fem i herrar d, etter å ha tapt med knappast mogleg margin (3-2 og 11-9 i avgjerande) mot klassevinnar Simon Simmenes frå Heros i kvarten.

Me gratulerer spelarane med flotte resultat!

Neste turnering er NM for veteranar i Bergen 09.-10. oktober.

Dette innlegget vart lagt inn i Ymse. Bokmerk fastlenkja.