Vellukka stand på fritidsmesse!

Obaida Taha var på plass på standen til Hardanger BTK.

Onsdag arrangerte Kvam herad fritidsmesse i Øystese idrettshall. På messa presenterte organisasjonar og andre aktørar sine tilbod for alle 8. klassingane i heradet. Målet med messa var å få fleire unge engasjerte i ulike tilbod på fritida.

Hardanger BTK stilte mannsterke med Jan Visser, Obaida Taha, Jannik Huttenlocher og Håvard Markhus. I tillegg hadde me med oss to bord. Standen vår var svært populær! Dei fleste elevane var innom for å få svar på spørsmåla i ein quiz om dei ulike aktørane. Mange ville også prøva bordtennis! No håpar me på at nokre av ungdomane også vil koma på trening i klubben vår!

Dette innlegget vart lagt inn i Ymse. Bokmerk fastlenkja.