Klart for Veteran-NM!

Denne helga er det endeleg klart for Veteran-NM i Haukelandshallen i Bergen! Arrangementet vart flytta til hausten grunna korona.

Hardanger BTK stiller med Roger Andersson, Håvard Markhus, Endre Furu og Erlend Skeie Langeland. I tillegg er Jack Feng overdommar for turneringa. Det er første gong ein frå vår klubb er overdommar for ei stor turnering. Me ynskjer spelarane og overdommar lukke til!

Arrangementet startar med lagklassar laurdagsmorgon. Live resultatservice og tidsskjema med meir finn du her.

Dette innlegget vart lagt inn i Ymse. Bokmerk fastlenkja.