NM-gull til Roger!

Roger Andersson (til høgre) vart noregsmeister i herrar 35 dobbel saman med Christian Ibenfeldt frå Laksevåg BTK!

Roger Andersson sikra seg ein NM-tittel og ytterlegare to NM-medaljar under veteran-NM i Haukelandshallen i Bergen i helga! Det vart gull i herrar 35 dobbel, sølv i 35 mix dobbel og bronse i herrar 40 singel.

Noregsmeistertittelen i dobbel sikra Roger seg saman med Christian Ibenfeldt frå Laksevåg BTK, som er president i Norges Bordtennisforbund. Dei kom seg greitt fram til finalen, der dei vann komfortabelt 3-1! Klubbleiar Erlend Skeie Langeland, som deltok i si første turnering på over femten år, deltok også i klassen. Saman med Håvard Markhus måtte han nøya seg med heiderleg innsats og tap i første runde.

I 35 mix dobbel vart det sølv på Roger og makker Camilla Henriksen frå Langhus IL. Dei leia 2-1 i sett i finalen, men måtte til slutt sjå seg slått 3-2.

I herrar 40 singel vart det bronse til Roger. Han kom seg enkelt fram til semifinalen, men også der vart det eit knepent 3-2-tap etter å ha leia 2-1.

I herrar 35 singel vart det ein siger og to tap for Erlend i puljespelet. I B-sluttspelet vart det ein siger og eitt tap. To sigrar i første turnering på over 15 år var solid, og særleg imponerande var det at begge kampane vart vunne med 3-2!

Frå venstre: Håvard Markhus, Roger Andersson, Erlend Skeie Langeland og lagleiar Jan Roger Andersson.

I herrar lag 35 tapte Hardanger BTK 3-2 mot Bergen PIL i første runde. Roger vann sine to kampar, medan korkje Håvard eller Erlend lukkast med å sikra den tredje sigeren som hadde sikra avansement. Erlend var nærast då han tapte 3-1 mot Sverre Valderhaug – ein spelar han slo i singelklassen. Hadde me sett opp laget annleis kunne resultatet ha blitt eit anna, og då kunne kanskje også siger i kvarten vore innan rekkevidde.

Vår fjerde påmeldte spelar, Endre Furu, måtte melda forfall grunna skade. På plass var derimot Jan Roger Andersson som lagleiar og Jack Feng, som var overdommar og ei sentral brikke i arrangementet.

Me gratulerer Roger med ein ny NM-tittel og ytterlegare to nye NM-medaljar! Neste turnering er eit Stiga Norges Cup-stemne i same hall førstkomande helg.

Jack Feng debuterte som overdommar under helgas NM.

Foto:

Brage Æsøy Titlestad
Titlestad Sport og Foto

Dette innlegget vart lagt inn i Ymse. Bokmerk fastlenkja.