Eliteserieoppstarten nærmar seg!

Frå venstre: Jan Roger Andersson, Thomas Låte, Jack Feng og Roger Andersson

Etter tre opprykk på tre sesongar spela Hardanger BTK i eliteserien (Stiga-ligaen) for første gong sesongen 2019/2020. Det enda med ein knallsterk tredjeplass i sluttspelet! Sesongen 2020/2021 vart det ikkje noko seriespel grunna korona. No er me klare for ein ny sesong i eliteserien.

Me spelar tre kampar førstkomande helg. Laurdag møter me Laksevåg BTK i Olsvikhallen i Bergen kl. 13.00. Sundag spelar me to kampar i Norheimsund idrettshall. Kl. 11.00 møter me Fornebu BTK og kl. 15.00 er Fokus BTK motstandar.

Eigentleg skulle sundagens kampar ha gått i Framnes Arena, der me tidlegare har hatt eliteseriekampar med godt publikumsoppmøte. Grunna koronautbrot ved Framnes kristne vidaregåande skule og anbefalingar frå Kvam herad om å utsetja arrangement for aldersgruppa 15-18 år, vert kampane flytta til Norheimsund idrettshall. Grunna uavklart koronasituasjon kjem me ikkje til å annonsera kampane utenfor klubbens kanalar.

Kampane vil verta streama på Facebook. På hbtk.no satsar me på live resultatservice.

Under «Eliteserien 2021-2022» øvst på denne sida finn du ein oversikt over spelarstallen vår samt link til terminliste, resultat, tabell og oversikt over årets lagspelar.

Dette innlegget vart lagt inn i Ymse. Bokmerk fastlenkja.