Bordtennis på idrettsskulen!

I løpet av dei siste to vekene har to ulike grupper frå Kvam LSK sin idrettsskule hatt kvar si økt med bordtennis. Til saman har vel tjue born frå 2. og 3. klasse fått prøva bordtennis. Hardanger BTK stilte med fleire instruktørar og sparringspartnarar, og hadde eit variert opplegg med blant anna rundbord, triksing og speling ved borda. No håpar me at fleire av borna vil fortsetja med å spela bordtennis i klubben vår!

Dette innlegget vart lagt inn i Ymse. Bokmerk fastlenkja.