Klart for eliteserie!

Frå venstre: Erik Doval og Roger Andersson Foto: Brage Æsøy Titlestad

Hardanger BTK er klare for sine første eliteseriekampar denne sesongen. Denne helga spelar me tre kampar – ein i Bergen og to i Norheimsund.

Laurdag møter me Laksevåg BTK i Olsvikhallen i Bergen kl. 13.00. Sundag spelar me to kampar i Norheimsund idrettshall. Kl. 11.00 møter me Fornebu BTK og kl. 15.00 er Fokus BTK motstandar.

Eigentleg skulle sundagens kampar ha gått i Framnes Arena, der me tidlegare har hatt eliteseriekampar med godt publikumsoppmøte. Grunna koronautbrot ved Framnes kristne vidaregåande skule og anbefalingar frå Kvam herad om å utsetja arrangement for aldersgruppa 15-18 år, vert kampane flytta til Norheimsund idrettshall. Grunna uavklart koronasituasjon annonserer me ikkje kampane utenfor klubbens kanalar, men medlemer og andre spesielt interesserte er velkomne! Det er gratis inngang og ein enkel kiosk.

Hardanger BTK vil streama kampane på vår facebookside. På hbtk.no satsar me på live resultatservice.

Norges Bordtennisforbund har lagt ut ein førehandsomtale av eliteserien – med presentasjon av laga og tips her. Hardanger BTK vert tippa som ein liten favoritt til tredjeplassen.

Hardanger BTK sitt kampprogram for eliteserien finn du no under Eliteserien 2021-2022 i menyen øvst på sida. Der finn du også  ein oversikt over spelarstallen vår samt link til terminliste, resultat, tabell og oversikt over årets lagspelar.

Oversikt over kampane og annan informasjon finn du på plakaten under. Me ser fram til ei spennande helg! Vel møtt til spelarar, leiarar, dommarar, funksjonærar, presse og publikum!

Dette innlegget vart lagt inn i Ymse. Bokmerk fastlenkja.