Tre tap i serieopninga i eliteserien

Frå venstre: Roger, Thomas, Jan Roger og Jack. Twisten fekk dei for haustens NM-medaljar. Sjå eiga sak.

Hardanger BTK sitt førstelag tapte sine tre kampar under helgas serieopning i eliteserien (Stiga-ligaen).

Me stilte i helgas kampar med Roger Andersson, Thomas Låte, Jan Roger Andersson og spelande lagleiar Jack Feng. Erik Doval var ikkje tilgjengeleg for spel denne helga.

Laurdag tapte laget først 6-1 mot Laksevåg BTK i Olsvikhallen i Bergen. Sigeren kom ved Roger, som vann klart 3-o i sin første singelkamp. Sonen Jan Roger var svært nære siger då han tapte 3-2 i sett og 11-9 i avgjerande i sin singelkamp, medan Laksevåg vann resten av kampane relativt greitt.

Sundag spela me to kampar i Norheimsund idrettshall. I første kamp vart det 6-2-tap mot Fornebu BTK. Begge sigrane kom ved Roger, som trass i ryggproblem imponerte med sigrar mot to av landets beste spelarar.

Frå dobbelkampane mot Fokus BTK.

I sundagens andre kamp vart det 6-2-tap mot Fokus BTK. Sigrane kom ved Jan Roger og dobbelparet Jan Roger/Thomas. Her tapte Roger 3-2 i begge sine singelkampar, så i denne lagkampen var poeng innan rekkevidde.

Roger er med tre sigrar i helga nummer tre i kåringa av årets lagspelar så langt.

Tre av HBTK-spelarane jubilerte under helgas serierunde. Jan Roger og Thomas spela begge sin A-lagskamp nummer 50 for klubben, medan Jack spela sin A-lagskamp nummer hundre! Sjå eiga sak om dette.

Utan poeng og med 5-18 i kampkvote ligg Hardanger BTK sist på tabellen. To av laga me møtte i helga – Laksevåg og Fornebu – er rekna som dei to sterkaste laga i serien. Berre fire av dei sju laga spela kampar i helga. Me veit lite om kor sterke dei tre andre laga er. Difor er det for tidleg å seia noko om i kva grad årets eliteserie for oss vert ein kamp for å unngå sisteplass og nedrykk, eller om me kan vera med i kampen om å bli blant dei fire laga som kjem til sluttspelet. Målet er nok i utgangspunktet å unngå nedrykk, men det er framleis lov å drøyma om sluttspel.

Eigentleg skulle sundagens heimekampar ha gått i Framnes Arena, der me har hatt eliteseriekampar med godt publikumsoppmøte tidlegare. Grunna koronautbrot ved skulen og lokale anbefalingar vart arrangementet flytta til Norheimsund idrettshall, og det vart heller ikkje annonsert utanfor klubbens kanalar.

Me gjennomførte uansett eit godt arrangement for dei som var til stades – med speakerteneste, kiosk og kampprogram. Me hadde også live streaming via facebook og live resultatservice via nettside under kampane. Klubbmedlemer har bidrege med flott dugnadsinnsats både før og under seriehelga. Kim-Erling Bolstad-Larssen var overdommar og Jan Erik Støldal dommar.

Hardanger BTK takkar spelarar, leiarar, dommarar, dugnadsarbeidarar, sponsorar og andre som var til stades under dagens kampar i Norheimsund idrettshall! Dei neste kampane våre vert spela i Hokksund 22.-23. januar.

Terminliste med resultat samt tabell og oversikt over årets lagspelar finn du her.

Bordtennis.no sin førehandsomtale av serien finn du her.

Klubbens yngste medlem var også til stades – i supporterutstyr!

Dette innlegget vart lagt inn i Ymse. Bokmerk fastlenkja.