A-lagsjubilantar vart premierte!

Frå venstre: Jack Feng, Thomas Låte og Jan Roger Andersson med jubileumspokalane.

I samband med sundagens eliteseriekampar i Norheimsund idrettshall  fekk tre jubilantar pokalar frå klubben. Thomas Låte og Jan Roger Andersson fekk pokalar for å ha oppnådd 50 A-lagskampar for Hardanger BTK, medan Jack Feng fekk pokal for å ha spela 100 A-lagskampar for klubben! Alle tre jubilerte i løpet av dagens kampar.

Berre Håvard Markhus har fleire A-lagskampar enn Jack. Håvard har 200, men Jack har framtida framfor seg med tanke på å ta han att!

Ein komplett oversikt over alle som har spela A-lagskampar for Hardanger BTK finn du i menyen øvst på sida. Den er oppdatert etter sist sesong, og vil verta oppdatert på nytt når sesongen er over.

Thomas, Jan Roger og Jack fekk også – saman med Roger Andersson – utdelt ein pakke twist frå klubben. Det får alle HBTK-medlemer som tek NM-medaljar. Den femte HBTK-medlemen som har teke NM-medalje i haust – Erik Doval – kan venta seg twist ved eit seinare høve.

Dette innlegget vart lagt inn i Ymse. Bokmerk fastlenkja.