Felix og Gustav på turnering

Gustav Korshavn Vikesdal (til venstre) og Felix van der Leest deltok i ei turnering i Bergen laurdag.

Felix van der Leest og Gustav Korshavn Vikesdal representerte Hardanger BTK i ei turnering for yngre i Haukelandshallen i Bergen laurdag. I denne turneringa vart spelarane delte inn etter nivå. Felix og Gustav spela i ei pulje beståande av dei sju beste spelarane blant dei nitten deltakarane i turneringa. Det betydde tøff motstand og god matching i ein klasse med mange jamne kampar. Felix vann to kampar og Gustav ein. I det interne klubboppgjeret vann Felix med knappast mogleg margin – 13-11 i femte og avgjerande sett! Dermed enda Felix som nummer fem og Gustav som nummer seks i klassen.

Neste turnering er eit Norges Cup-stemne i Oslo 11.-12. desember.

Dette innlegget vart lagt inn i Ymse. Bokmerk fastlenkja.