Tap i 4. divisjon

Frå venstre: Vegard Markhus, Håvard Markhus og Erlend Skeie Langeland

Hardanger BTK 2 spela fredag sesongens første kamp i 4. divisjon. Opprykksfavorittane Laksevåg 5 var motstandar i Laksevåg Bordtennishall i Bergen, og dei vann komfortabelt 8-2. Me stilte med Håvard Markhus, Vegard Markhus og Erlend Skeie Langeland. Vegard spela sin første seriekamp på seks år, medan det er seksten år sidan sist Erlend spela i seriesystemet. Begge sigrane våre kom ved Håvard. Me tok sett også i tre andre kampar, men uansett vann Laksevåg 5 klart og fortjent.

Hardanger BTK 2 ligg nest sist på tabellen etter første kamp. Tabell og resultat finn du her.

Neste kamp er laurdag 8. januar. Då er Heros 3 motstandar i Haukelandshallen i Bergen.

Dette innlegget vart lagt inn i Ymse. Bokmerk fastlenkja.