Regionalt stemne

Laurdag 15. januar arrangerer Sportsklubben Heros eit regionalt stemne i Haukelandshallen i Bergen. Eit Noregs Cup-stemne som skulle ha blitt arrangert denne helga er avlyst grunna koronarestriksjonar. Det regionale stemnet vert arrangert i staden for, men berre dersom gjeldande koronarestriksjonar på tidspunktet tillet det. Om stemnet vert arrangert vert bestemt fredag 14. januar.

I dette stemnet er det mogleg å delta i to klassar, og det kostar mellom 80 og 110 kroner å delta i dei ulike klassane. Stemnet har klassar for alle aldersgrupper, og det er eigne nybyrjarklassar.

Påmelding skjer til ein av trenarane på trening eller til Roger (40100194, roger@hbtk.no) seinast 11. januar.

Det er fint om nokon melder seg som sjåførar.

Dette innlegget vart lagt inn i Ymse. Bokmerk fastlenkja.