Norheimsund Open 2022 – info til eigne medlemer

Laurdag 12. februar arrangerer Hardanger BTK årets utgåve av Norheimsund Open i Norheimsund Idrettshall. I dette stemnet er det mogleg å delta i to klassar pluss dobbel, og for HBTK-medlemer  kostar det mellom 50 og 80 kroner å delta i dei ulike klassane. Stemnet har klassar for alle aldersgrupper, og det er eigne nybyrjarklassar.

Påmelding skjer til ein av trenarane på trening eller til Roger (40100194, roger@hbtk.no) seinast 03. februar.

Turneringa vert arrangert dersom ikkje koronarestriksjonar gjer at ho ikkje kan gjennomførast, og vil verta tilpassa gjeldande reglar.

Dette innlegget vart lagt inn i Ymse. Bokmerk fastlenkja.