Vidar Sangolt ny leiar i Hardanger BTK!

På tysdagens årsmøte i Hardanger BTK vart Vidar Sangolt vald til ny leiar. Vidar var med å starta klubben for 35 år sidan – saman med Håvard Markhus, Trond Nordpoll og Amund Leiren. Vidar har solid bakgrunn innan idrett og organisasjonsliv. Han har blant anna vore styremedlem i Hordaland Bordtenniskrets. I klubben vår har han vore leiar også tidlegare, og han har hatt diverse andre verv.

Som spelar har han 85 A-lagskampar for Hardanger BTK. Det er berre Håvard Markhus og Jack Feng som har fleire.

Vidar var den første som var sivilarbeidar i klubben vår. Den rolla har forøvreg også avtroppande leiar Erlend Skeie Langeland hatt.

Erlend ynskte ikkje å fortsetja som leiar, men me er heldige som får han med vidare som økonomisk leiar. Elles så fortset både Jack Feng og Iselinn Stuve i styret, Jack som nestleiar og Iselinn som styremedlem.

Klubben fortset med den nye ordninga til NIF med forenkla lovnorm, noko som betyr at det kun vert tre medlemer i styret samt ingen valkomitè eller kontrollkomitè.

Me takkar Erlend for innsatsen som styreleiar, og ynskjer det nye styret lukke til!

Det nye styret ser dermed slik ut:

Leiar: Vidar Sangolt

Nestleiar: Jack Feng

Styremedlem: Iselinn Stuve

Under «Om klubben» øvst på sida finn du ei oppdatert oversikt over alle med faste oppgåver i klubben.

Seks medlemer møtte på årsmøtet, som vart avvikla digitalt på Google Meets. Årsmøtet kunne slå fast at 2021 var eit vellukka år for klubben – trass i korona.

Årsmeldinga vert lagt ut på nettsida i ei eiga sak seinare.

Dette innlegget vart lagt inn i Ymse. Bokmerk fastlenkja.