Årsmelding 2021

Tysdagens årsmøte i Hardanger BTK kunne slå fast at 2021 vart eit vellukka år for klubben – trass i korona.

Her kjem årsmeldinga som vart godkjend på årsmøtet:

Årsmelding Hardanger Bordtennisklubb 2021

Innleiing

Her kjem årsmelding for 2021. Denne er kortfatta. Ei meir omfattande sesongmelding vert godkjend av styret og lagt ut på hbtk.no etter sesongslutt i juni.

Organisasjon

Klubben vedtok forenkla lovnorm på sist årsmøte. Difor vart det ikkje vald valkomitè eller kontrollkomitè, og det vart vald eit styre beståande av tre personar.

Styret har vore samansett slik sidan sist årsmøte:

Leiar:                          Erlend Skeie Langeland         Vald til 2022

Nestleiar:                   Jack Feng                               Vald til 2022

Styremedlem:             Iselinn Stuve                          Vald til 2022

Ein del verv fylgjer sesongane. Oversikt over desse står i sesongmeldingane.

Styrearbeid
Styret har gjennomført fire styremøte og har i tillegg hatt kontakt via telefon og mail.

Medlemstal

Klubben hadde 53 medlemer pr. 31.12.2021.

Farmerklubb og medlemer andre stader

Strand ULV IL BTG  på Hatlestrand er farmerklubb av Hardanger BTK. Klubben har hatt lite aktivitet dei siste åra.

Hardanger BTK har aktive medlemer i fleire bygder i Kvam. Me har også nokre medlemer som bur andre stader i landet og i utlandet.

Forbundsting, regionsting og valde representantar

Håvard Markhus representerte klubben på forbundstinget i oktober. Jack Feng representerte klubben på regionstinget i desember. Jack Feng og Iselinn Stuve vart begge attvalde som styremedlemer i Bordtennisregion Vest. 

Eigne arrangement

Me arrangerte heimekampar i seriesystemet og julegristurnering. Norheimsund Open vart avlyst grunna korona.

Økonomi

Økonomisk gjekk klubben med eit overskot på kr 103.290,- i 2021.  Me har pengar på konto og ein ryddig økonomi.

Dugnad

Klubbens medlemer har utført dugnadsarbeid i samband med heimekampar i seriesystemet.

Oppsummering

Klubben har mange medlemer som tek på seg oppgåver, og drifta av klubben går godt!

2021 vart prega av korona. Likevel kan me vera veldig godt nøgde med året! Høgdepunktet var vellukka sommaraktivitetar sommaren 2021.

Sjå elles sesongmeldingane, som vert lagt ut på hbtk.no etter sesongslutt i juni kvart år.

Styret

Dette innlegget vart lagt inn i Ymse. Bokmerk fastlenkja.