Tap i 4. divisjon

Frå venstre: Håvard Markhus, Ivo Beijersbergen og Lars Henrik Mo

Hardanger BTK 2 spela onsdag sesongens sjette kamp i 4. divisjon. Heros 2 var motstandar i Norheimsund idrettshall. Bortelaget vann 8-2. Me stilte med Håvard Markhus, Ivo Beijersbergen og Lars Henrik Mo. Sigrane kom ved Håvard (2). Me tapte også to kampar i avgjerande sett

Hardanger BTK 2 ligg på femteplass på tabellen med fem poeng og 29-31 i kampkvote etter seks spelte kampar. Terminliste, resultat, tabell og oversikt over årets lagspelar finn du her,

Neste kamp vert truleg ein heimekamp mot Søre Neset. Tidspunkt er ikkje fastsett.

Dette innlegget vart lagt inn i Ymse. Bokmerk fastlenkja.