Flotte plasseringar i Bergen PIL Open!

Kestutis Barauskas, Håvard Markhus, Erlend Skeie Langeland, Gustav Korshavn Vikesdal og Felix van der Leest hevda seg alle veldig godt i Bergen PIL Open!

Hardanger BTK sine fem deltakarar hevda seg alle veldig godt i Bergen PIL Open, som vart arrangert i Stemmemyren idrettshall i Bergen laurdag. Ingen spelarar rauk ut i puljespel, og alle oppnådde flotte resultat!

Kestutis Barauskas gjekk til topps i både herrar b og herrar c! Dermed vart det eit perfekt comeback på norsk jord for Kestutis, som er tilbake i Kvam etter halvanna år i heimlandet Litauen. Håvard Markhus var best både i puljespelet og dei to første rundane i sluttspelet i herrar d før det vart tap i semien. Dermed sikra han seg tredjeplass i klassen for andre gong på rad. Erlend Skeie Langeland gjekk vidare frå puljespelet i herrar f, og vart nummer fem i klassen etter eit knepent 3-2-tap i kvarten. Felix van der Leest og Gustav Korshavn Vikesdal imponerte i dei yngre klassane. Felix sikra seg ein flott tredjeplass i gutar 11. I semien tapte han knepent 3-2 mot klassevinnaren, som han forøvreg fekk revansje mot seinare på dagen. Gustav vart nummer fem i gutar 15, og var berre eitt poeng frå semifinaleplass. I gutar 13 vann både Felix og Gustav puljene sine og vart til slutt nummer fem i klassen.

Hardanger BTK er svært godt nøgde med resultat, spel og innsats til spelarane i turneringa!

Neste turnering er NM for junior og eldre junior i Trondheim førstkomande helg.

Dette innlegget vart lagt inn i Ymse. Bokmerk fastlenkja.