Uavgjort i 4. divisjon

Frå venstre: Vegard Markhus, Håvard Markhus og Erlend Skeie Langeland

Hardanger BTK 2 spela fredag sesongens sjuande og nest siste kamp i 4. divisjon. Heros 3 var motstandar i Haukelandshallen i Bergen. Ein svært spennande lagkamp enda til slutt 5-5. Me stilte med Håvard Markhus, Vegard Markhus og Erlend Skeie Langeland. Sigrane kom ved Håvard (3), Erlend og dobbelparet Håvard/Vegard.

Hardanger BTK 2 ligg på femteplass på tabellen med seks poeng og 34-36 i kampkvote etter sju spelte kampar. Terminliste, resultat, tabell og oversikt over årets lagspelar finn du her.

Siste kamp er ein heimekamp mot Søre Neset. Tidspunkt er ikkje fastsett.

Sjå videointervju med Erlend Skeie Langeland her.

Dette innlegget vart lagt inn i Ymse. Bokmerk fastlenkja.