To femteplassar i NM for junior og eldre junior

Thomas Låte vart nummer fem i herrar eldre junior singel!

Det vart ingen medaljar på Hardanger BTK under helgas NM for junior og eldre junior i Trondheim. To av våre tre deltakarar fekk helga prega av skade og sjukdom. Berre Thomas Låte heldt seg frisk, og han sikra seg ein fin femteplass i herrar eldre junior singel!

I herrar eldre junior lag var Hardanger BTK semiseeda. Laget vann 3-0 mot Trondheim 2 i første runde. I kvarten vart det 3-1-tap mot Fornebu 2. Sigeren vår kom ved Thomas. Etter bronsemedalje i klassen fire år på rad vart det dermed femteplass i år i det som var siste NM med desse tre på laget. Neste sesong er nemleg Jack for gammal. Femteplass var nok ikkje heilt etter planen, men skade og sjukdom bidrog sterkt til dette.

I herrar eldre junior dobbel spela Jack med Brian Egenberg frå Heros. I fjor tok dei ein overraskande bronsemedalje. I år vann dei i første runde, men tapte mot sølvvinnarane i andre runde og vart dermed nummer ni. Thomas og Jan Roger var semiseeda i klassen, men rauk ut i første runde mot eit par som kom til semien.

I herrar eldre junior singel var Thomas direktekvalifisert til sluttspelet. Der spela han seg greitt fram til kvarten, der han tapte 3-1 mot klassevinnaren. Thomas sikra seg med det ein fin femteplass, og forbetra dermed plasseringa frå i fjor då han vart nummer ni i klassen. Også Jack gjorde det betre enn sist. Han vann alle kampane i puljespelet og første runde i sluttspelet, før det vart tap mot sølvvinnaren i åttandedelsfinalen. Dermed kom han ein runde lenger enn sist og vart nummer ni i klassen. Jan Roger trekte seg frå klassen grunna skade.

Neste turnering er regionsmeisterskapet på Stord laurdag 23. april.

Dette innlegget vart lagt inn i Ymse. Bokmerk fastlenkja.