Flotte plasseringar i regionsmeisterskap!

Felix van der Leest, Obaida Taha og Gustav Korshavn Vikesdal hevda seg alle veldig godt i årets regionsmeisterskap!

Hardanger BTK sine deltakarar hevda seg veldig godt i årets regionsmeisterskap, som vart arrangert i gamlehallen i Stord idrettspark laurdag.

Felix van der Leest kom seg vidare frå puljespelet og vann kvarten før det vart tap i ein svært jamn semifinale i gutar 11. Dermed sikra han seg ein flott tredjeplass! I gutar 13 vart Gustav Korshavn Vikesdal nummer ni etter å ha imponert i gruppespelet. Han hadde også to matchballar i ein svært jamn åttandedelsfinale. Felix hamna i ei tøff pulje og rauk ut i gruppespelet i denne klassen. Same skjebne leid Gustav i gutar 15 og Hallvard Valland Nordheim i sine klassar.

Håvard Markhus gjekk vidare frå puljespelet og vann kvarten før det vart tap i semien i herrar d. Dermed sikra han seg tredjeplass i klassen for tredje gong på rad. Obaida Taha gjekk vidare frå puljespelet i herrar f, og vart nummer fem i klassen.

Hardanger BTK er svært godt nøgde med resultat, spel og innsats til spelarane i turneringa!

Dette innlegget vart lagt inn i Ymse. Bokmerk fastlenkja.