
Onsdag gjennomførte Hardanger BTK skulebesøk på Norheimsund skule. Begge sjuandeklassane fekk prøva bordtennis. Håvard Markhus og Jan Visser stilte opp frå klubben. Dei fekk god hjelp av to av elevane – Gustav Korshavn Vikesdal og Hallvard Valland Nordheim – som begge er med i Hardanger BTK.
Me gjennomførte eit variert opplegg og stemninga var god! No håpar me fleire frå klassane vil byrja i klubben vår!