Jan Roger utslått i Deaflympics

Jan Roger Andersson. Foto: NIF

Jan Roger Andersson vart trear i si pulje under tysdagens puljespel i Deaflympics i Caxias do Sul i Brasil. Han er dermed utslått av Deaflympics 2022. Jan Roger kom i ei svært tøff femmarpulje, og tapte mot to sterke konkurrentar frå Sør-Korea og Taipei. Dei to andre spelarane – ein franskmann og ein frå India – vann han greitt mot.

Dei to asiatane var nye spelarar i Deaflympics-samanheng. Begge heldt veldig høgt nivå. Sør-koreanaren vann gull i herredobbel og tok sølv i mix-dobbel i dagane før singelspelet og er blant favorittane også i singel.

Trenar og far Roger Andersson er med til Brasil som lagleiar. Roger, som i dag rundar 50 år, fortel til bordtennis.no om vanskelege speleforhold og lang reisetid mellom hotell og konkurransehall. Vonleg vert det betre neste år. Då vert VM arrangert i Taipei 8. – 20. juli. Jan Roger satsar videre framover, og Taipei-VM 2023 blir hans neste store internasjonale mål.

Hardanger BTK er uansett stolte over å ha ein medlem som representerer Noreg internasjonalt og som har vist at han kan hevda seg også utanfor landegrensene – med to bronsemedaljar frå EM. Me gratulerer Jan Roger og Roger med innsatsen – og senior også med 50-årsdagen! Me ser fram til å fylgja Jan Roger vidare i karrièra!

Dette innlegget vart lagt inn i Ymse. Bokmerk fastlenkja.