17. mai – og avslutning for borna

Førstkomande tysdag er det 17. mai, så då utgår treninga både for born, ungdomar og vaksne.

Det vert avslutning for borna i klubben i Norheimsund idrettshall tysdag 24. mai kl. 18.00. Då vert det ulike bordtennisleikar, og det vert sjokolade og is til alle! Ungdomar og vaksne har vanleg trening denne dagen.

Dersom nokon av borna vil trena meir etter avslutninga vil det vera mogleg å gjera det saman med vaksne og ungdomar i klubben, men det vert ikkje eigne treningar for born.

Me ynskjer alle medlemer og andre bordtennisvener ein god 17. mai!

Dette innlegget vart lagt inn i Ymse. Bokmerk fastlenkja.