To NM-gull til Roger!

Roger sikra seg to nye NM-gull til samlinga i helga!

Hardanger BTK sine deltakarar hevda seg veldig godt i helgas veteran-NM i Oslofjord Arena i Oslofjord Convention Center i Sandefjord! Roger Andersson sikra seg to NM-titlar og ytterlegare ein NM-medalje. Det vart gull i herrar singel 50 og mix dobbel 50 og sølv i herrar dobbel 35. I damer debutant vart det førsteplass til Jeannette Huttenlocher og andreplass til Iselinn Stuve.

I singelklassen vart Roger ein suveren noregsmeister. Han tapte berre eitt sett gjennom heile klassen! I mix vann han enno klarare. Saman med Bente Ulstein frå Laksevåg BTK gjekk han til topps utan å ha tapt eit einaste sett! I dobbel sikra han seg sølv saman med Øystein Bakke frå Sportsklubben Heros. Dei var svært nære gullet, men tapte 15-13 i femte og avgjerande sett.

I damer debutant var Jeannette nummer to og Iselinn nummer tre etter laurdagen. Sundagen slo begge til med fleire sterke sigrar, noko som førte til gull til Jeannette og sølv til Iselinn!

I herrar lag 35 møtte Hardanger BTK B-72 med spelarane frå VGTV-serien «Bordtenniskameratene». I tillegg til Roger stilte me med Håvard Markhus og HBTK-debutant Rune Wågelsby. Sistnemnde har tidlegare spela blant anna i eliteserien, men gjorde no comeback etter mange år utan bordtennisspeling. Me vann greitt 3-0 i lagkampen, og sikra oss også truleg TV-tid på VGTV.

I kvarten møtte me Kjelsås BTK. Her vart det 3-2-tap. Roger vann sine kampar. Rune og Håvard spela også fleire svært jamne sett, men det vart uansett ein fortjent Kjelsås-siger. Me var veldig godt nøgde med femteplass!

Håvard møtte også spelarar frå «Bordtenniskameratene» i dei andre klassane. I herrar singel 40 slo han komikar Ole Soo i ein jamnspelt kamp i puljespelet, noko som sikra avansement til sluttspelet og niandeplass i klassen. I herrar dobbel 35 tapte han og makker Nils Arne Stuve frå Stord BTK ein rysare mot bordtenniskameratane Morten Ramm og Jørgen Høst i første runde.

Jack Feng var på plass som TD – teknisk delegat – og var dermed ei svært sentral brikke i arrangementet. Det var første gong ein frå klubben vår var TD i ei stor turnering.

Hardanger BTK er veldig godt nøgde med resultat, spel og innsats under årets veteran-NM! Me gratulerer spelarane våre med sterke resultat! Neste turnering er NM for yngre i Haukelandshallen i Bergen 03.-05. juni.

Me håpar enno fleire frå klubben vår vert med på neste veteran-NM – og ikkje minst på veteran-EM i Oslofjord Convention Center i 2023! Då er det venta om lag 4000 deltakarar!

NB. Sesong 3 av «Bordtenniskameratene» starta opp på VGTV i dag, men opptaka frå veteran-NM vert ikkje med i denne sesongen.

Sjå fleire bilete og videoar under.

Roger og programleiar Erik Solbakken diskuterer oppsettet, medan Morten Ramm og Jørgen Høst slår inn.
Bordtennisprofil Roger og komikarprofil Morten Ramm slår inn.
Lagkampprotokollen frå Hardanger BTK-B-72
Bordtenniskameratane diskuterer taktikk.
Roger saman med klubbens yngste medlem.
Rune vert intervjua av VGTV.
Hardanger BTK sitt lag i herrar lag 35.
Iselinn og Jeannette hevda seg veldig godt i veteran-NM!
Stuve/Markhus mot Ramm/Høst
God stemning hjå Bordtenniskameratane etter dobbel-sigeren.
Øystein Bakke (til venstre) og Roger sikra seg sølv i dobbel.
Roger og makker Bente Ulstein vart noregsmeistrar i mix dobbel!
Håvard vann ein jamnspelt kamp mot Ole Soo.
TD Jack saman med ETTU – det europeiske bordtennisforbundet – sin delegat.
Bordtennisprofil Roger og komikarprofil Morten Ramm slår inn.
Rune-Ole Soo
Håvard-Jørgen Høst
Helgas mest omdiskuterte kantball… Stuve var usamd med både dommar og motspelarar, men hadde nok rett …
Markhus/Stuve-Ramm/Høst
Markhus/Stuve-Ramm/Høst 2

Dette innlegget vart lagt inn i Ymse. Bokmerk fastlenkja.