Jan Roger Andersson representerte Hardanger BTK i Mega Cup, som vart arrangert på Lørenskog i helga. I herrar elite fekk han ein fin femteplass! Jan Roger vann først alle kampane i puljespelet og første runde i sluttspelet, før det vart eit svært knepent tap mot Jon Lundell frå Nidaros BTK i kvarten. Lundell vann 3-2 og 15-13 i avgjerande sett.
Hardanger BTK gratulerer Jan Roger med femteplassen! Neste turnering er NM for yngre/Stiga 11-ern, som vert arrangert i Haukelandshallen i Bergen førstkomande helg.