Vellukka NM for yngre og Stiga 11-ern for Hardanger BTK!

Frå venstre: Gustav, Felix og Hallvard

Hardanger BTK sine tre deltakarar gjorde sine saker bra under NM for yngre og Stiga 11-ern i Haukelandshallen i Bergen i helga! Gustav Korshavn Vikesdal, Hallvard Valland Nordheim og Felix van der Leest representerte klubben vår i konkurranse med vel 200 spelarar frå heile landet.

Laurdag spela gutane først gutar 13 singel. Gustav vann to av tre kampar i puljespelet. Dermed gjekk han vidare til sluttspelet. Her tapte han i første runde. Dermed sikra han seg ein flott 33. plass i konkurranse med over hundre deltakarar. Hallvard vann ein av tre kampar i si pulje. Han var svært nære siger også i ein av dei andre kampane, noko som hadde ført til avansement. Også Felix vann ein av tre kampar og rauk ut i puljespelet. Alle våre spelarar kan delta i denne klassen også neste år, og Felix har to år igjen i klassen.

Seinare på dagen var det klart for dobbel. I gutar 15 dobbel tapte Gustav og Hallvard 3-1 i første runde mot eit par som kom på niandeplass i klassen. I gutar 11 dobbel spela Felix med Pratyush Dhital frå Haugesund BTK. Dei var svært uheldige med trekninga og tapte mot eitt av dei beste para i første runde.

Sundag deltok berre Felix av våre spelarar. Han vann to av tre kampar i puljespelet i gutar 11 singel, og gjekk med det vidare til sluttspelet. Der tapte han 3-1 i ein jamnspelt kamp i første runde, men han sikra seg uansett ein flott syttandeplass!

Gutane viste veldig bra spel og innsats! Alle vann minst ein kamp og spelte fleire jamne kampar.

Hardanger BTK stilte ikkje berre med spelarar i Haukelandshallen. Roger Andersson var assisterande overdommar, Kestutis Barauskas og Jack Feng var på plass som lagleiarar og fleire foreldre og støttespelarar var også på plass.

Neste vår vert NM for yngre og Stiga 11-ern arrangert i Oslo. Då håpar me på å ha med fleire spelarar frå klubben vår!

Dette var den siste turneringa før sommaren, men me ser fram til mange kjekke og spennande turneringar neste sesong!

Frå venstre: Pratyush Dhital, Felix van der Leest, Kestutis Barauskas og Jan Visser
Jack coachar Felix. Jan fylgjer med.
Dette innlegget vart lagt inn i Ymse. Bokmerk fastlenkja.