Thomas Låte til Stord BTK

Thomas Låte går til Stord BTK.

Thomas Låte har meldt overgang tilbake til moderklubben Stord BTK etter seks suksessrike sesongar i Hardanger BTK. I klubben vår har Thomas blant anna vore med på den historiske reisa som førte førstelaget vårt frå 3. divisjon til eliteserien etter tre opprykk på rad. Han har også vunne mange NM-medaljar som HBTK-spelar.

Thomas var under kontrakt med Hardanger BTK då han no meldte overgang, noko som fører til at klubben vår for første gong har motteke overgangspengar for ein spelar. Me kan forsikra alle om at overgangssummen er betydeleg under Erling Braut Haaland-nivå, noko som betyr at Stord BTK nok framleis har råd til smør på brødskivene til sine spelarar medan det framleis ikkje vert russisk kaviar hjå oss….

Me takkar Thomas for strålande innsats i HBTK! Me ynskjer han lukke til i Stord BTK og oss sjølve lukke til i jakta på ein erstattar!

Dette innlegget vart lagt inn i Ymse. Bokmerk fastlenkja.