A-lagsstatistikk

Under Statistikk A-lag i menyen øvst på sida finn du ei oversikt over alle som har spela A-lagskampar for Hardanger Bordtennisklubb sidan oppstarten. Det vil seia at kampane som vart spela medan klubben heitte Norheimsund Bordtennis også er med.

Statistikken er no oppdatert slik at alle kampar til og med sesongen 2021-2022 er med.

Håvard Markhus toppar med 200 A-lagskampar, medan nestleiar Jack Feng er på andreplass med 110 A-lagskampar.

Denne sesongen fekk Jack pokal for å ha oppnådd 100 A-lagskampar, medan Thomas Låte og Jan Roger Andersson fekk pokal for å ha oppnådd 50 A-lagskampar.

Dette innlegget vart lagt inn i Ymse. Bokmerk fastlenkja.