Oppsummering seriespel sesongen 2021/2022

Frå venstre: Thomas Låte, Jack Feng, Roger Andersson og Jan Roger Andersson har spela samtlege eliteseriekampar for HBTK denne sesongen.

Hardanger BTK stilte med to lag i seriespelet sesongen 2021-2022. Førstelaget vart nummer seks i eliteserien. Andrelaget vart nummer fem i 4. divisjon. Her kjem ei oppsummering av sesongen.

I eliteserien vart førstelaget nummer seks av sju lag. HBTK vann to kampar, tapte åtte og spela to uavgjort. Dermed enda me på 6 poeng. Kampkvoten til laget var 36-65.

Dei same fire spelarane spela samtlege kampar; Roger Andersson, Thomas Låte, Jan Roger Andersson og Jack Feng. Sistnemnde var lagleiar. I løpet av sesongen fekk Jack pokal for å ha oppnådd 100 A-lagskampar, medan Thomas og Jan Roger fekk pokal for å ha oppnådd 50 A-lagskampar.

Roger kom på femteplass i kåringa av årets lagspelar i eliteserien med 63 poeng.

I 4. divisjon avdeling VV vart andrelaget nummer fem av ni lag. Laget vann to kampar, tapte tre og spela to uavgjort. I tillegg vann me ein kamp på W-O. Dette gav åtte poeng. Kampkvoten var 44-36.

Sju spelarar har spela på laget i løpet av sesongen; Håvard Markhus, Vegard Markhus, Erlend Skeie Langeland, Ivo Beijersbergen, Obaida Taha, Jannik Huttenlocher og Lars Henrik Mo. Håvard var lagleiar.

Håvard vart beste poengplukkar for andrelaget. Med 65 poeng vart han nummer tre i kåringa av årets lagspelar.

Førstelaget hadde som mål å unngå nedrykk og andrelaget hadde som mål å unngå sisteplassen. Begge laga greidde måla. Hardanger BTK er godt nøgde med seriesesongen!

Dette innlegget vart lagt inn i Ymse. Bokmerk fastlenkja.