Treningstider veke 32

Hardanger BTK har hatt ein aktiv sommar. Ein del av oss har trena, og i klubben har det blitt jobba godt – blant anna med å sikra oss vår eigen bordtennishall! Sjå eigne saker om det.

No nærmar det seg slutten av skuleferien. Dei faste treningstidene er ikkje klare enno, men i veke 32 vert det trening for alle som vil til fylgjande tider:

Tysdag: kl 19-20.30

Torsdag: kl. 18-19.30

Treningane vert i Hardanger Bordtennishall, som ligg på tidlegare Norheimsund yrkesskule. Me disponerer hallen heile tida. Dersom nokon ynskjer å trena til andre tider eller berre inspisera nyehallen kan dei ta kontakt med Håvard (91535549) eller Jan (95559212).

Vel møtt på trening!

Dette innlegget vart lagt inn i Ymse. Bokmerk fastlenkja.