Godt oppmøte!

På biletet: Tidlegare HBTK-spelar Nils Arne Stuve i aksjon mot klubbleiar Vidar Sangolt. Svenn-Endre Hannevig observerer.

Hardanger BTK har opplevd svært godt oppmøte etter at me i sommar har etablert oss i Hardanger Bordtennishall – på den tidlegare yrkesskulen i Steinsdalen. Allereie har rundt 50 spelarar vore innom nyehallen, og det før me har starta opp med faste treningstider. Eit slikt oppmøte så tidleg i sesongen har me aldri vore i nærleiken av tidlegare!

Me har også hatt vitjing frå viktige bordtennisregionar som Sverige, Frankrike og Stord! Frå Stord BTK hadde me i helga besøk av Nils Arne Stuve og Svenn-Endre Hannevig. Dei hadde berre lovord å seia om nyehallen!

Me ser fram til fortsetjinga. Me ynskjer alle som vil trena eller berre inspisera nyehallen hjarteleg velkomne!

Dette innlegget vart lagt inn i Ymse. Bokmerk fastlenkja.