Vellukka torgdag!

Laurdag vart den tradisjonsrike torgdagen arrangert i Norheimsund – etter eit par år med koronapause. Hardanger Bordtennisklubb var på plass med stand. Me hadde med oss eit bordtennisbord og informerte om klubben, nyehallen og treningstider. Det var flott vèr og mykje folk på torgdagen, og ved vår stand var det stor aktivitet. Me gjennomførte ein vellukka torgdag, og håpar å sjå enno fleire i hallen vår etter arrangementet!

Dette innlegget vart lagt inn i Ymse. Bokmerk fastlenkja.