Kvam Auto AS ny generalsponsor for Hardanger BTK!

Hardanger BTK kan med stor glede melde om at Kvam Auto AS vert generalsponsor for klubben dei neste to sesongane! Dette vil verta synleg både på våre nye spelar- og overtrekksdrakter, under arrangement og i andre samanhengar. Kvam Auto har tidlegare vore hovudsponsor for klubben i fleire periodar. 

Kvam Auto er ein verkstad som held til i Norheimsund. Det er eit firma som er flinke til å støtta lokale lag og organisasjonar, og no får altså Hardanger BTK nok ein gong glede av dette! Me gler oss over at Kvam Auto vil vera ein av våre viktigaste støttespelarar i tida framover.

Me takkar Kvam Auto for at dei ser verdien av det arbeidet me gjer i klubben, og for at dei difor vel å gå inn som generalsponsor for oss! Me ser fram til samarbeidet!

Dette innlegget vart lagt inn i Ymse. Bokmerk fastlenkja.