Meir støtte frå Sparebanken Vest til «Bordtennis for alle – 24/7!»

Hardanger BTK har motteke 50 000,- i prosjektmidlar frå Sparebanken Vest sitt samfunnsutbytte! Støtta går til prosjektet «Bordtennis for alle – 24/7!». Dette prosjektet omfattar leige av lokalet vårt – Hardanger Bordtennishall – og eit forbetra tilbod til både eksisterande og nye medlemer og grupper. Sparebanken Vest har tidlegare i år støtta prosjektet med 90 000,-, så totalt har banken no støtta Hardanger Bordtennishall og tilbodet me utviklar der med 140 000,-!

Sparebanken Vest har vore vår viktigaste støttespelar og samarbeidspartnar i mange år, og me gler oss over at dei framleis vil vera dette! Banken støttar oss også med gåvepremiar i samband med Norheimsund Open og andre arrangement.

Me takkar Sparebanken Vest for at dei nok ein gong støttar oss, og oppmodar alle om å bruka banken!

Dette innlegget vart lagt inn i Ymse. Bokmerk fastlenkja.