Kvam Kraftverk AS ny hovudsponsor for Hardanger BTK!

Hardanger BTK kan med stor glede melde om at Kvam Kraftverk AS vert hovudsponsor for klubben dei neste to sesongane! Dette vil vera synleg både på våre nye spelar- og overtrekksdrakter, under arrangement og i andre samanhengar. Kvam Kraftverk har vore eliteseriesponsor for klubben dei siste tre sesongane. 

Kvam Kraftverk er vårt lokale kraftverk. Meir info om dei finn du her.

Kvam Kraftverk er flinke til å støtta lokale lag og organisasjonar, og no får altså Hardanger BTK nok ein gong glede av dette! Me gler oss over at Kvam Kraftverk vil vera ein av våre viktigaste støttespelarar i tida framover.

Me takkar Kvam Kraftverk for at dei ser verdien av det arbeidet me gjer i klubben, og for at dei difor vel å gå inn som hovudsponsor for oss! Me ser fram til samarbeidet!

Dette innlegget vart lagt inn i Ymse. Bokmerk fastlenkja.