Raif Rustemovski klar for Hardanger BTK!

Raif Rustemovski er klar for Hardanger BTK! 2o-åringen frå Nord-Makedonia vert vår einaste signering framfor den nye sesongen i eliteserien. Han vert dermed spelaren som skal erstatta Thomas Låte, som meldte overgang til Stord BTK i sommar.

Raif bur i Malmø i Sverige. Han har mange sterke prestasjonar på rullebladet. Frå nasjonale meisterskap i Nord-Makedonia har han blant anna gull i herrar junior og bronse i herrar senior. Han har representert Nord-Makedonia internasjonalt fleire gonger, blant anna i EM.

No er Raif klar for norsk seriespel, og me håpar han kan bidra til gode resultat for eliteserielaget vårt!

Me ynskjer Raif velkomen til klubben!

Dette innlegget vart lagt inn i Ymse. Bokmerk fastlenkja.