
Hardanger BTK kan med stor glede melde om at GBS Entrepenør AS vert hovudsponsor for klubben dei neste to sesongane! Dette vil vera synleg både på våre nye spelar- og overtrekksdrakter, under arrangement og i andre samanhengar. GBS har vore eliteseriesponsor for klubben dei siste sesongane.
GBS er eit entrepenørfirma som held til i Øystese. Meir info om dei finn du her.
GBS er flinke til å støtta lokale lag og organisasjonar, og no får altså Hardanger BTK nok ein gong glede av dette! Me gler oss over at GBS vil vera ein av våre viktigaste støttespelarar i tida framover.
Me takkar GBS for at dei ser verdien av det arbeidet me gjer i klubben, og for at dei difor vel å gå inn som hovudsponsor for oss! Me ser fram til samarbeidet!