Flotte plasseringar i opningsstemne!

Frå venstre: Sandar Lyssand, Håvard Markhus, Kestutis Barauskas og Jardar Fykse

HBTK stilte med fire deltakarar i Laksevågkruset, som vart arrangert i Olsvikhallen i Bergen laurdag. Våre deltakarar oppnådde fleire flotte resultat!

Sandar Lyssand og Jardar Fykse deltok begge i si første turnering. Begge gjekk vidare frå puljespelet i nybyrjarklassen. Sandar vart til slutt nummer fem medan Jardar vart nummer ni i klassen. Sandar tapte også ein jamn femsettar mot klassevinnaren. Begge kan vera veldig godt nøgde med innsats og resultat!

Håvard Markhus starta sesongen på same vis som i fjor – med ein andreplass i herrar d. Han vann mot fleire sterke spelarar før det vart 3-2-tap mot Krizander Magnussen frå Stord BTK i finalen. Mest dramatisk var semifinalen, der Simon Simmenes vart slått 3-2 etter å ha leia 10-7 i avgjerande sett.

Aller best gjekk det med Kestutis Barauskas. Han starta dagen med ein fin tredjeplass i herrar b. Seinare på dagen var han klart best og gjekk heilt til topps i herrar c!

Hardanger BTK er svært godt nøgd med innsats og resultat i turneringa!

Neste turnering er Stiga Norges Cup i Bergen 08.-09. oktober. Helga før er det serieopning i eliteserien.

Dette innlegget vart lagt inn i Ymse. Bokmerk fastlenkja.