Støtte frå Sparebanken Vest gjev billegare drakter!

Hardanger BTK har motteke  ytterlegare 30 000,- i prosjektmidlar frå Sparebanken Vest sitt samfunnsutbytte! Støtta går til drakter og utstyr, og gjer at me no kan setja ned prisen på våre nye drakter. Prisane, annan info og bestillingsskjema finn du under «Klubbutstyr» i menyen øvst på sida. Dersom du bestiller spelardrakt (spelartrøye og shorts) og overtrekksdrakt (jakke og bukse) vert prisen no berre kr 1000,-. takka vera støtta frå Sparebanken Vest!

Me har no fått tilsendt prøveeksemplar i ulike storleikar. Me sender neste bestilling 04. oktober, og oppfordrar flest mogleg til å bestilla innan den tid.

Sparebanken Vest har tidlegare i år støtta prosjektet «Bordtennis for alle – 24/7!» med 140 000,-, så totalt har banken i år støtta oss med 170 000,-!

Sparebanken Vest har vore vår viktigaste støttespelar og samarbeidspartnar i mange år, og me gler oss over at dei framleis vil vera dette! Banken støttar oss også med gåvepremiar i samband med Norheimsund Open og andre arrangement.

Me takkar Sparebanken Vest for at dei nok ein gong støttar oss, og oppmodar alle om å bruka banken!

Dette innlegget vart lagt inn i Ymse. Bokmerk fastlenkja.