Klart for eliteserie!

Lagleiar Jack Feng og resten av eliteserielaget er klare for seriestart.

Hardanger BTK er klare for sine første eliteseriekampar denne sesongen. Denne helga spelar me fire kampar på Austlandet.

Laurdag møter me Snarøya BTK på Fornebu kl. 13.00 og Jevnaker BTK på Lørenskog kl. 18.00. Sundag møter me Nidaros BTK på Lørenskog kl. 10.00 før me møter Fornebu BTK på Fornebu kl. 15.00.

Hardanger BTK håpar arrangørane vil streama kampar eller sørga for live resultatservice, men veit ikkje dette sikkert.

Bordtennis.no har lagt ut ein førehandsomtale av eliteserien – med presentasjon av laga her. 

Hardanger BTK sitt kampprogram for eliteserien vert først klart før heimekampen vår 06. november. Meir informasjon om eliteserielaget vårt finn du under «Eliteserien 2022-2023» i menyen øvst på sida.

Terminliste, resultat, tabell og oversikt over årets lagspelar finn du her.

Me ynskjer eliteserielaget vårt lukke til i helga!

Dette innlegget vart lagt inn i Ymse. Bokmerk fastlenkja.