Eitt poeng i serieopninga

Frå venstre: Raif Rustemovski, Jack Feng, Jan Roger Andersson og Roger Andersson

Hardanger BTK sitt førstelag spela ein uavgjort og tapte tre kampar under helgas serieopning i eliteserien (Stiga-ligaen) på Austlandet. Det vart uavgjort mot Snarøya BTK og tap mot Jevnaker BTK, Nidaros BTK og Fornebu BTK. Hardanger BTK stilte med Roger Andersson, Jan Roger Andersson, Raif Rustemovski og spelande lagleiar Jack Feng.

Laurdag spela me først uavgjort mot Snarøya BTK på Fornebu. Sigrane kom ved Roger (2), Jan Roger (2) og Jack. Raif tapte begge sine singelkampar med knappast mogleg margin. Jan Roger og Jack sikra uavgjort då begge snudde 0-2 til 3-2 i dei to siste kampane. Dermed enda ein svært jamn lagkamp 5-5.

Seinare på dagen vart det 6-3-tap mot Jevnaker BTK på Lørenskog. Sigrane kom ved Roger, Jan Roger og Raif. Sistnemnde sikra seg med det sin første siger i HBTK-drakt. HBTK var også nære siger i den eine dobbelkampen, der Jack og Roger tapte 3-2.

Sundag vart det først 6-4-tap mot Nidaros BTK på Lørenskog. Sigrane kom ved Roger (2), Jan Roger og i dobbelkampen der dei to spela saman.

I helgas siste kamp vart det eit klart 6-0-tap mot Fornebu BTK på Fornebu. Me var ikkje det einaste laget som tapte klart mot Fornebu BTK. Dei var det soleklart beste laget denne helga.

Etter helgas runde ligg Hardanger BTK på sjuandeplass på tabellen med eitt poeng av åtte moglege og med 12-23 i kampkvote. Snarøya BTK ligg bak oss med dårlegare kampkvote. Samstundes er det berre eitt poeng opp til Nidaros BTK. Eitt lag rykkjer direkte ned, medan laget som kjem nest sist må spela kvalifisering for å unngå nedrykk. Målet for sesongen er å unngå nedrykk, og slik det ser ut etter denne helga er det berre Fornebu BTK som er på eit heilt anna nivå.

I kampen om å bli årets lagspelar ligg Roger på åttandeplass etter helgas runde.

Neste runde går helga 05.-06. november. Då spelar me to kampar i Bergen laurdagen og ein kamp på heimebane i Norheimsund sundagen.

Terminliste med resultat samt tabell og oversikt over årets lagspelar finn du her.

Dette innlegget vart lagt inn i Ymse. Bokmerk fastlenkja.