Hugs opningsmarkeringa onsdag!

Hardanger Bordtennishall

Me minner om at det vert opningsmarkering i Hardanger Bordtennishall onsdag 05. oktober. Hallen vert open frå 18.30 til 20.30, og folk kan koma og gå som dei vil innanfor denne tida. Det vert offisiell opning av hallen kl. 18.45. Då er ordførar Torgeir Næss på plass. Like etter sprettar me opningskaka. Det vert også gratis vafler, kaffi og brus. Det vert mogleg å sjå seg rundt i lokalet, og det vert sjølvsagt mogleg å spela bordtennis for dei som ynskjer det.

Både medlemer og andre er hjarteleg velkomne!

Dette innlegget vart lagt inn i Ymse. Bokmerk fastlenkja.