Stort oppmøte på vellukka opning!

Rundt åtti personar – i alle aldrar – møtte opp på onsdagens opningsmarkering i Hardanger Bordtennishall! Det vart langt fleire enn me hadde håpa på. Dei frammøtte fekk vera med på eit svært vellukka opningsarrangement i hallen!

Blant dei frammøte var ordførar Torgeir Næss. Tidlegare HBTK-spelar Anders Hovden var til stades som representant for Noregs Bordtennisforbund. Med seg hadde han ei pengegåve til utsmykking av hallen! Også vår desidert største støttespelar; Sparebanken Vest, og vår trufaste støttespelar Norhand var til stades.

Styreleiar Vidar Sangolt og sportsleg leiar Håvard Markhus fortalde dei frammøtte litt om klubbens historie. Dei nytta òg høve til å takka huseigar Dalatunvegen AS samt Sparebanken Vest, Norges Bordtennisforbund og andre støttespelarar. Deretter fekk ordførar Torgeir Næss ordet. Han skrytte av hallen og snakka om eigne erfaringar med bordtennis og om kor viktig det er med frivillig arbeid. Deretter føretok han den offisielle opninga av hallen – med klipping av eit bordtennisnett – med god hjelp av netthaldarane Felix van der Leest og Jardar Fykse.

Våre toppspelarar Jan Roger Andersson og Kestutis Barauskas hadde oppvising. Kestutis tok etter kvart regien på oppvisinga. Med god hjelp frå tolk Dovydas Drungilas og med speling med blant anna steikepanne og mobiltelefon vart det ei humørfullt stund. Kestutis avslutta med å overrekka ein racket til ordføraren.

Etter den offisielle opninga var det gratis kaker, vafler, kaffi og brus. Alle som ville fekk spela bordtennis, og både ordførar og støttespelarar let seg lokka til ei økt ved bordet.

Me takkar alle som bidrog i samband med opninga, og alle som møtte opp! Me håpar alle vil koma tilbake! Sjå meir frå opninga i videoen øvst i denne saka.

Dette innlegget vart lagt inn i Ymse. Bokmerk fastlenkja.