Hardanger BTK stilte med tre deltakarar i helgas Stiga Norges Cup-stemne, som vart arrangert i Haukelandshallen i Bergen. Våre deltakarar oppnådde fleire flotte resultat!
I herrar elite vart Roger Andersson nummer tre etter å ha tapt 4-1 i semifinalen. Jan Roger Andersson vart nummer ni i same klasse. Jan Roger tok seg først vidare frå puljespelet og vann første runde i sluttspelet. Roger var direktekvalifisert til sluttspelet, der han først hadde w-o og deretter vann i dei to neste rundane.
I herrar eldre junior vart Jan Roger nummer fem. Han var direktekvalifisert til sluttspelet og vann greitt i dei to første rundane der.
Håvard Markhus var klubbens tredje deltakar. Han gjekk vidare frå puljespelet i herrar B og vart nummer fem i klassen.
Neste turnering er Stord Cup laurdag 22. oktober.