Regionalt stemne

Laurdag 05. november arrangerer Sportsklubben Heros eit regionalt stemne i Haukelandshallen i Bergen.

I dette stemnet er det mogleg å delta i to klassar og det kostar mellom 80 og 140 kroner å delta i dei ulike klassane. Stemnet har klassar for alle aldersgrupper, og det er eigen nybyrjarklasse. Påmelding skjer til ein av trenarane på trening eller til Roger (40100194, roger@hbtk.no) seinast 25. oktober.

Det er fint om nokon melder seg som sjåførar.

NB: Alle som er fødd i 2010 eller tidlegare må ha betalt lisens til NBTF. Gjeld ikkje nybyrjarklasse.

Dette innlegget vart lagt inn i Ymse. Bokmerk fastlenkja.